Steinriket-seminaret

Vellukka 2015-seminar i det steinrike Bømlo!

Med foredrag av aller ypparste klasse og ekskursjon til geologiske godbitar, vart deltakarane rike på kunnskap og fascinasjon for Bømlo si mangslungne naturhistorie. Komplisert vitenskap vart forklart så leikande lett at sjølv kyrne på Hallaråker vart opplyste!

Me ser fram til nytt seminar neste år, og vonar at enno fleire naturinteresserte oppdagar denne årlege opplevinga i grenselandet mellom vitenskap, humor og underhaldning. Foredragshaldarane er av aller beste sort!

IMG_8975 IMG_8922 IMG_8939

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Seminaret 2015  går av stabelen 06. og 07. juni. Vårt eminente Fagråd kjem då tilbake og deler av sin arkeologiske og geologiske kunnskap med den stadig større flokken av steingalne bømlingar.

Tid og stad: 
Laurdag kl. 11-16: Foredrag i Amfisalen
Sundag  kl. 11-14:  Ekskursjon

Program

  • Laurdag 6. juni kl. 11-16 – Foredrag i Amfisalen
  • Kl. 1100-1115  Velkomen til seminar v/Ordførar Odd Harald Hovland
  • Kl. 1115-1200  Kultur og førhistoriske minne på Bømlo   v/Arkeolog Elisabeth Warren, Hordaland Fylke
  • Pause
  • Kl. 1215-1300  Den gongen Siggjo kom fram og isen slapp taket  v/Geolog Jon Inge Svendsen, Universitetet i Bergen
  • Kl. 1300-1345  Lunsj
  • Kl. 1345-1430  Mjuke bømlinger i ei hard tid – bruken av kleber i eldre steinalder på Vestlandet
    v/Arkeolog Knut Andreas Bergsvik, Universitetet i Bergen
  • Kaffipause
  • Kl.1445-1530   Steinriket Bømlo på TV. «Myk som stein»– korleis (og kvifor) vert slike program laga? v/Geolog Øystein J. Jansen, Universitetet i Bergen
  • Søndag 7. juni kl. 11-14 – Ekskursjon til området vest for Svortland (mellom Sønstabø og Hallaråker) der geolog Jon Inge vil svinga seg med gamle strandvollar og prosessar relatert til den gongen havet stod høgare ved slutten av siste istid. Undervegs tar me og ein kikk på dei nye vegskjæringane på nyevegen mellom Innvær og Svortland. Me ser på granitt, gabbro, pegmatitter og xenolitter (!) under kyndig leiing av den mjuke TV-geologen.

Vel møtt til to spennande dagar i Steinriket Bømlo!

Seminar begge dagar kr. 400,-. Påmelding: Tlf. 53 42 66 20 eller post@mosteramfi.no. Lunsj og kaffi kan kjøpast i Amfikafèen laurdag. Meir info om Steinriket Bømlo på www.steinriketbomlo.no

IMG_4516

 

 

 

 

 

 

 

 

 TIDLEGARE SEMINAR: 

PROGRAM FOR 2014-SEMINARET 5. og 6. APRIL:
5. april – kl. 1100-1600, i Moster Amfi
6. april – kl. 1100-1400,  Ekskursjon til Bergefjell (den 8.de bergarten med kommersiell historie på Bømlo?)

 Laurdag blir programmet slik:

 Steinalderhellerne i Hardanger – Bømlingenes sommerhus i 2000 år
v/Arkeolog Knut Andreas Bergsvik, Universitetet i Bergen

 Arven fra Sokkamyro på Langevåg – ei myr i verdsklasse
v/ Geolog John-Inge Svendsen, Universitetet i Bergen

 Steinriket Bømlo – noen glimt fra hvordan rikdommen ble til
v/ Geolog Øystein James Jansen, Universitetet i Bergen

 «Kalk øve alt»- om kalkbrenning i Sunnhordland
v/ Arkitekt Bjørn Arve Lunde, Sunnhordland Museum

 PÅMELDING TIL MOSTER AMFI, tlf. 534 26 620, post@mosteramfi.no

 

Referat frå 2013-seminaret: 

Seminaret gjekk av stabelen  15. og 16. juni, med svært engasjerande foredrag på laurdagen av Knut Andreas Bergsvik, John Inge Svendsen og Øystein Jansen. Søndagen gjekk turen til Siggjo og ryolittbrotet, der deltakarane fekk førsteklasses orientering om den rolla dette fjellet og denne steinen har hatt for den tidlege vestlandskulturen.

Me gler oss til neste seminar!

Foredraga hadde følgande titlar:

Marmor, frå kalkslam på havets botn til Moster Amfi, v/Øystein J. Jansen, UiB
Då istida slapp taket, v/John Inge Svendsen, Institutt for Geovitenskap, UiB
Ryolitt frå Siggjo, pilspissmateriale frå Lista til Stadt i yngre steinalder, v/Knut Andreas Bergsvik, Inst. for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, UiB.
Frå Egypt til Bømlo, steinhogging gjennom fleire tusen år, v/Øystein J. Jansen, UiB.

 


Referat frå Seminaret 2012: 

Omlag 70  deltakarar i alderen 20-80 fekk i løpet av helga oppleva lokalkunnskap om Bømlo på usedvanleg kvalifisert nivå!   Prof.  Svendsen forklarte med stor energi korleis bømlolandskapet har blitt til, Alsaker fortalte om sitt funn av ryolitten på Siggjo i 1978,  Jansen viste med ord og bilete kor stor del av Bergen by som er bygd av bømlogranitt og Bruen Olsen og Alsaker forklarte felles- og særtrekka til Hespriholmen kontra Stakaneset i Flora. M.a. er konklusjonane ang. Hespriholmen  verdt å merka seg:

1. Hespriholmen er eldste bruddstad med uttak i fast fjell i Europa.

2. H.holmen er den bruddstaden i Europa som har vore utnytta over lengst periode.

3. H.holmen er den enkeltkjelda med størst betydning for forståing av kultur og samfunn i vestnorsk steinalder.

Søndagen viste Ø. Jansen dei frammøtte rundt i kleberbrotet. Bruen Olsen lanserte undervegs ønske om forskningsgraving i i dette området, og sidan han sjølv er sentral i avgjerd om slike saker ved UiB er det sannsynleg at dette blir realisert.
Avslutningsvis fortalde B. Stautland om gullgruvene og sitt arbeid med boka «Gullgravarane på Lykling».

Her er Fagrådet:

Nr. 1 frå venstre: Prof. geologi John Inge Svendsen (UiB)
Nr. 2 f.v.: amanuensis Øystein J. Jansen, (UiB)
Nr. 3 f.v.: førsteamanuensis Knut Andreas Bergsvik, arkeolog (UiB)
Nr. 4 under: Arkeolog og forsker Asle Bruen Olsen (UiB).