Vidfaren Bømlostein!

Er du i København må du ta deg ein tur til Marmorbroen og sjå dei karakteristiske marmorflisene som ligg i “vegbana” over brua. Mostramarmor finnest óg i ei rekke andre herskapelege bygningar og hagar i Kongens by. Men marmoren vår er meir vidfaren enn som så.  I  The Lutheran Church på St. Croix i Karibien, bygd i 1740 (sjå bilete under),  er både golvfliser, monumentsteinar og gravsteinar laga av den karakteristiske marmoren frå Moster. Hit har den kome via Trekanthandelen mellom Europa, Vest-Afrika og Amerika, ein handel den Dansk-Norske Kongen deltok i for å frakte varer og slavar mellom Danmark/Norge, Afrika, Amerika og sine øyar i Karibien (St. John, St. Thomas og St. Croix).

I dag kan skuleklassar og grupper få arbeide med Bømlosteinen i  Moster Amfi, m.a. marmorsliping, bogeskyting, arkeologisk utgraving, kokegrop etc. Her kan du óg vandre gjennom tunnellar i berget og sjå vår bergverksutstilling.
Med vår Turguide i hende kan du finne fram til dei ulike lokalitetane på Bømlo samt få ein kortversjon av historia. Turguiden får du kjøpt for kr. 50,- i Moster Amfi, på Kulturhuset, Rådhuset, Langevåg Bygdatun og Lykling Brygge. 
Hos Moster Amfi og Lykling Brygge  kan du  låne GPS’ar med innlagte ruter til lokalitetane.