Skriv ut

Marmor

«Søndhordlehn er bekjendt af sine Marmorarter, de skjønneste der findes i Landet».
Topografisk-statistisk Beskrivelse af Norge”, J. Kraft, 1829

Heilt frå 1000-talet og bygginga av Mostrakyrkja har det vore brote ut marmor på Moster, sjølv om den lokalt har vore kalla “kalkstein” eller “limstein”. Marmoren på Moster har  først og framst gjennom 1000 år vore nytta som råstoff til brenning og lesking av kalksement (g.no “limstein”), ein naudsynt ingrediens f. eks. i Mostrakyrkjas kistemur.  Til dette fungerer marmoren like godt som den mjukare kalksteinen. I omlag 120 år frå 1703 vart det imidlertid eksportert  marmorblokker til den Dansk-Norske kongens slott og monument i København og Karibien (St. Croix). På 1900-talet vart mykje av marmoren på Moster nytta som råstoff i industriell produksjon av karbid ved Odda Smelteverk og ferrosilikat og -silisium ved Bjølvefossen i Ålvik. Heilt til 1969 vart likevel brent kalk selt både som gjødsel i Hardanger og som bindemiddel i brenning av murstein etc i Sandnesområdet.

Frå slutten av 1800-talet la marmorgruvene grunnlaget for ei fraktebåtnæring som på 1960-talet talde 75 båtar heimehøyrande i bygda. Mest kvar familie eigde då i ein båt som gjekk med kalk og marmorpukk eller anna frakt i rute langs kysten.

Sjå O. J. Grindheims artiklar om drifta i Synken og Kjødleren.

Les meir (PDF)

Vedlegg 1

Tidsur

Fakta

Metamorf bergart som hovudsakeleg består av mineralet kalsitt (CaCO3). Den mest krystalliserte kalksteinen blir kalla marmor. Kalkstein/marmor vart brukt i brent form som t.d. mørtel, medan slipt marmor blir brukt som bygge- og prydstein. På Moster er all kalksteinen marmorisert.

Stad: Fin marmor v/tunnelinngongen i Kjødleren, evt. i Notlandsvågbrotet.

Tilkomst: Spaser via Moster Amfi, evt. 10 min. spasertur langs austsida av Notlandsvågen mot den gamle utskipingskaien.