Skriv ut

Kleberstein

Hordalands største klebersteinsbrot finn du på Lykling. Her vart det truleg først teke ut steinemner til urner og kokekar, søkkjer og lodd heilt frå yngre steinalders tid,  men det er som kjelde for ”kvaderstein” til middelalderkyrkjene i Bergen at Austavindhaugen på Lykling er mest kjend. “Kvader” er blokker på ca. 1×0,5 meter, og Mostrakyrkja (ca. 1100) er den eldste bygningen ein finn kleberstein frå Lykling i.

Ingen kjelder fortel oss idag kven som dreiv steinbrotet her i middelalderen. Det kan ha vore lokal arbeidskraft som har lært teknikken utanlands eller av utlendingar, truleg i samband med bygging av Mostrakyrkja. Går du over bakken og bortåt bergveggen på Austavindshaugen idag, trør du på haugar av avslag frå produksjonen. I bergveggen ser du snart ei rekkje blokker som står att som store legoklossar, meir eller mindre ferdige til utkiling. Lyttar du nøye ein stille kveld, høyrer du kanskje enno hamring, latter og prat… Og ved kaiane langs stranda ser du kanskje seglskutene ligge med travle landgangar ute. Her var det garantert mykje liv på 1100-1300-talet!

Sjå film her


Les meir (PDF)

Vedlegg 1

Tidsur

Fakta

Metamorf bergart som hovudsakeleg består av mineralet talk med varierande mengde kloritt og amfibol. Svært varmebestandig og mjuk.

Stad: Lykling, på nordsida av Lyklingesjøen.

Tilkomst: Kort tids parkering tillete v/naust 100 m forbi skilt "Klebersteinsbrotet" i vegkanten. Tilkomst via grind og over bakken vis a vis skiltet.