Skriv ut

Granitt

I heile nordre delen av Bømlo er granitt den dominerande bergarten. Uttak av granitt byrja på Rubbestadneset i 1863 då svenske sluskar hadde fått i oppdrag å ta ut stein her til Skoltegrunnsmoloen i Bergen.  Dette starta ein industri som etterkvart involverte mange bygdefolk frå Innvær, Foldrøy, Rubbestadneset, Rolvsnes, Urangsvåg og Gåsland, og heilt  fram til slutten av 1940-talet var det deretter bømlingar som i periodar levde av steinarbeid. ”Bergen bygd med bømlogranitt” heiter det i ei overskrift i Naturhistorisk Vegbok. Granitten i Kjøttbasaren i Bergen, veggene i Sandvikskirken samt svært mykje brustein, trapper og kantstein i byen kjem frå Bømlo. Lokalt lever såvidt enno historiane om finnen ”Taipen” og bømlingane Håkon og Knut Urangsæter som hogg ut stein og lagde dei vakraste husmurar, kaiar, trapper og gravsteinar. Og på Goddo står lange granittmonument over karar som fekk kost og losji utanom fiskesesongane for å mura steingardar.

Sjå film om granitthogging her

Les meir om granittindustrien på Bømlo i vedlegget under, og høyr Martines Haldorsen frå Rubbestadneset fortelja om sitt møte med dei svenske sluskane i 1863, i eit unikt lydopptak frå 1938!

(Får du ikkje spelt av lyd? Last ned fila her.)

Les meir (PDF)

Tidsur

Fakta

Magmatisk bergart danna av kvarts, feltspat og glimmer (plagioklas). Spesiell eigenskap er at den ganske lett let seg dele i tre retningar (anisotrop). Brukt til brustein, byggestein og monumentstein.

Stad: Rubbestadneset, Urangsvåg, Rolvsnes

Tilkomst: Med eigen båt, f. eks. til Steinbleikja mellom Hisøy og Rolvsnes.