Skriv ut

Grønstein

Steinbrotet på Hespriholmen er eit unikt monument frå verdas steinalderkultur. Øksemateriale vart med fyrsetting teken ut her gjennom ein periode på nesten seks tusen år, og grønsteinsøkser frå Hespriholmen vart i denne perioden identitetsmerket for menneska mellom Lista i sør og Sognefjorden i nord. Steinbrotet vert vurdert som det lengstvarande “industriføretaket” i verda.
Steinen vart ført med båt frå Hespriholmen til verkstadbuplassen Sokkamyro inne på Langevåg. I førstninga vart øksene bearbeidd på same måte som flintøkser, dvs. ved å slå av stykke tildess forma var nokonlunde tenleg. Etterkvart utvikla steinsmedane i Sokkamyro ein ny produksjonsmetode der emna vart “prikkhogde” til ei smal, perfekt ellipseform og fekk ein slipt egg på eine sida.
Grønstein finnest fleire stader på Bømlo, men det er berre på den værharde  Hespriholmen samt i eit mindre brot på vestsida av Siggjo (Stegahaugen) den har vore utvunnen. Det  tyder truleg at steinen her er  av spesielt god kvalitet, men det kan óg ha hatt mytologiske årsaker.
I tillegg til å vera redskap til trearbeid, kan øksene ha hatt rituelle eller symbolske verdiar. Det er óg naturleg å tenke seg at både emner og ferdige økser vart nytta som bytemiddel/valuta.
Sjå film frå Hespriholmen her

Les meir (PDF)

Tidsur

Fakta

Metamorf bergart danna av vulkanske bergartar som basalt og diabas under relativt låg temperatur. Brukt til øksar i perioden 9500-4000 før notid.

Stad: Hespriholmen

Tilkomst: Med eigen båt til Nordøyane, nordvest for Espevær.