Skriv ut

Sokkamyro

Sokkamyro på Langevåg er ikkje eit steinbrot, men ein verkstadbuplass for steinalderfolka som bearbeidde  grønstein frå Hespriholmen. Sjøen stod litt høgare den gongen, slik at dei kunne padle inn heile Eidesdalen til livd og ly i Sokkamyro.
Ein finn óg mykje ryolitt frå Siggjo ilag med restane etter grønsteinsøksproduksjonen som føregjekk  frå 9500-4000 før vår tid.
Dei gamle løyndomane i myra vart først oppdaga av grunneigaren Johan Vespestad på slutten av 1890-talet. Under arbeid i åkeren fann han  fleire steinar som han forstod måtte vera bearbeidd av menneske, og tok dei med i ein kasse til Bergen Museum. Der vakte dei interesse hos den nyutdanna arkeologen Haakon Shetelig, som deretter kom til Langevåg mest kvar sommar for å drive arkeologiske utgravingar i Sokkamyro.

Sjå film her

I Sokkamyra kan mange svar på korleis steinalderfolket levde, enno ligge uoppdaga.
(Alle bileta er frå Bergen Museum).

Fakta

Verkstadbuplass der steinalderens jegerfolk gjennom over 6000 år bearbeidde grønstein frå Hespriholmen til øksene som vart identitetsmerket for menneska mellom Lista og Sognefjorden.

Stad: Langevåg.

Tilkomst: Parker v/ Langevåg Bygdatun. Spaser til S.myra på baksida av Bygdatunet.