Skriv ut

Ryolitt

Ta deg ein tur bort på ryolittbrotet neste gong du er på Siggjo. Tenk deg at her sat det folk for fem tusen år sidan og lagde seg pilespissar til jaktbogane sine, piler som er funne att heilt nord  i Trøndelag! Steinbrotet er i lia rett vest for tjørna på nordenden av Siggjatoppen. Staden var ideell på mange måtar; her var ryolitten glasaktig og perfekt for pilespissar, og i tjørna like over kunne dei hente vatn i skinnsekker til å tøme på berget som dei først varma opp med bål. Det store temperaturfallet i steinen gjorde då sitt til at berget sprakk i høvelege emner, som dei vidareforedla der i lia. Restane etter pilespissproduksjonen finn du i lyngen om du ser etter!
Sjå film her

Les meir (PDF)

Tidsur

Fakta

Finkorna dagbergart danna ved eksplosiv vulkanisme for 470 mill år sidan. Får skarpe brotkantar. Brukt til pilespissar i perioden 6000-4500 før notid.

Stad: Ved tjernet på toppen av Siggjo.

Tilkomst: 45 min å gå på sti frå park.plass på austsida av Siggjo v/Grøvle, evt. frå Nedrebø på vestsida. Frå toppen av Siggjo går du 10 min. nordover til tjernet.